jobbporten.se

  Tannhelse Rogaland

Bransch

Tannhelseforetak

Anställda

386

Huvudkontor

Stavanger, Norge

Webbplats
Tannhelse Rogaland
Sociala medier

Vad säger våra medarbetare?

Medarbeider

Tannlege

Tilfeldig at det vart Stavanger og Tannhelse Rogaland. Hadde inga tilknytning og kjende ikkje ein einaste person her.

Gav meg sjølv 2 år (tenkte at eitt år var for lite). No er det blitt 22 år…

22 år på same tannklinikken og på same kontoret😊

Kvifor blitt verande? Godt arbeidsmiljø, stor variasjon i pasientsamansetnaden. Får framleis stadig utfordre meg sjølv- men er klar over at dette også er opp til den enkelte behandlar «kor langt ein vil strekke strikken». Ein må tørre å prøve seg, skal ein få ein variert kvardag. Er opptatt av å heile tida lære nytt/bli betre. Opptatt av framdrift.

Trivast å vere «mentor» for yngre kollegaer og er i tilllegg engasjert i tillitsmannsarbeidet og trivst med å vere med å bidra på andre arenaer i organisasjonen enn berre på eigen klinikk.

Dersom ein ønskjer ein variert kvardag, med ei mengd med ulike herlege pasientar frå 0-100 år, så meiner eg at THR er plassen. MEN det er opp til deg sjølv korleis du skapar di eiga karriere. Om du trivst berre med å leggje fyllingar, så gjer det. Men om du vil utvikle deg i andre retningar og bli ein god almenpratikar, så der det rikeleg med moglegheiter å gje seg i kast med både endo, protetikk og kirurgi i THR😊 Og godt arbeidsmiljø, krev at ein sjølv også bidreg. Det kjem ikkje av seg sjølv😉

 

 

 

 

Tannhelse Rogaland i sociala medier